Abonnements­vilkår

Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av abonnement på Marsteinen.
Som abonnent på Marsteinen har du tilgang til alt vårt innhald i E-avisa òg i vår nettavis Marsteinen.no. Papiravisa vert levert ein dag i veka. Du får óg tilgang til vårt digitale arkiv.

E-avisa er 100% identisk med papiravisa.
Aldersgrensa for å bestilla abonnement er 18 år.
Det er viktig å merka seg at den juridiske eigar av abonnementet er den som har teikna det. Det tyder at Brukar-ID og passord til Marsteinen sine digitale produkt ikkje må delast med andre enn dei som er i abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse.

Standardtilgang er eit avgrensa tal påloggingar, 2 stk pr husstand.
Vilkåra gjeld for både privat- og bedriftskundar.

Marsteinen / Austevoll Forlag AS
Prestanesvegen 31
5392 Storebø
Tlf: 55082100

Abonnement

Abonnementet skal betalast på forskot og gjeld til me mottek oppseiing, og uansett ut den betalte perioden.
Ved slutten av ein abonnementsperiode vert abonnementet automatisk forlenga med same lengda som den førre perioden.
Abonnementet skal betalast innan forfallsdatoen på fakturaen. Kjem betaling for seint, gjeld den til kvar tid lovbestemte forseinkingsrenta.
Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Restbeløp vert ikkje refundert.

Ved oppseiing av abonnement med bindingstid kjem eit sluttoppgjer for den perioden du har oppnådd ein prisfordel, tilsvarande den rabatten som er gjeve på eit abonnement utan bindingstid.
Ved uteblitt betaling vert avisleveringa og den digitale leveringa stoppa,
og restrekning for levert periode fakturert. Du kan velja å stansa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller ditt digitale abonnement. Angrerettlova gjeld.

Oppseiing

Ved oppseiing av abonnement med bindingstid kjem eit sluttoppgjer for den perioden du har oppnådd ein prisfordel, tilsvarande den rabatten som er gjeve på eit abonnement utan bindingstid.
Ved uteblitt betaling vert avisleveringa og den digitale leveringa stoppa,
og restrekning for levert periode fakturert. Du kan velja å stansa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller ditt digitale abonnement. Angrerettlova gjeld.

I Marsteinen si nettavis marsteinen.no kan du logga deg inn på MiSide med brukarnamn og passord for å administrera eller sei opp abonnementet ditt.
Fristen for oppseiing er 1 veke.

Prisar

Sjå gjeldande prisar her
Årsabonnement med 12 månaders bindingstid, månadstrekk med kredittkort eller avtalegiro gjev lågast pris.
Levering i Norge er gratis. Til utlandet kjem Posten sitt portotillegg.
Ynskjer du faktura i posten, kjem det eit gebyr på kr. 34,- per faktura.
Ved betaling med Avtalegiro, E-faktura eller kredittkort er det ikkje gebyr.
Avtalegiro set du opp hos banken din eller via oss. (Sjå Kundesenter - Abonnement - Avtalegiro). Elektroniske trekk som ikkje vert betalte innan fristen får purring med fakturagebyr i posten.

Marsteinen har rett til når som helst å endra prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjorde på heimesida seinast 14 dagar før utføring. Nye prisar gjeld då for alle typar abonnement frå fastsett dato.

Betaling

Ein kan kjøpa abonnement eller digital veke og døgntilgang på marsteinen.no ved å nytta bankkort/kredittkort eller ved å få tilsendt faktura. Ved kortbetaling vert betalingsavtalen automatisk fornya til du seier opp abonnementet.
Marsteinen nyttar PayEx som betalingsløysing. PayEx støttar Verified by Visa standarden.
Les meir om PayEx på www.payex.no. Betalingssidene er sikra med SSL-sertifikat. Les meir på Let’s Encrypt.
Det betyr at du som kunde har ekstra sikkerheit ved betaling. For kjøp i andre salskanalar kan faktura eller elektronisk bankbetaling nyttast.
Dersom innbetaling ikkje skjer, vil Marsteinen lukka tilgangen og stoppa avisa med umiddelbar verknad.

Levering

For alle område er det leveringstidene til Posten som gjeld.
Dersom levering vert hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure i meir enn to dagar, vert dette godtgjort med tilsvarande forlenging av abonnementet.
Om årsaka til manglande tilgang er knytt til brukar sin eigen tilgang til internett eller problem med eige datautstyr/software, vert det inga forlenging.

Ved endring av leveringsadressa må Marsteinen kontaktast seinast tre yrkedagar før endringa skal tre i kraft. I feriar tilbyr me gratis flytting til leveringstader i Norge.
Her kan du:
-Omadressera avisa, fast eller mellombels, viss du skal på ferie
-Mellombels stoppa levering av papiravisa
-Seia opp eller endra abonnement (eksisterande abonnement går til det vert sagt opp).
-Sjå betalingsopplysningane dine
-Endra betalingsmåte og oppdatera kredittkortopplysningar
-Oppretta Avtalegiro-avtale
-Senda oss ei melding

Familieabonnement

Som nemt er den juridiske eigaren av abonnementet den som har teikna det.
Abonnenten kan vera innlogga på inntil to einingar (mobil, pc/mac, nettbrett) samstundes i abonnenten sin husstand/opphaldsadresse. Brukarnamn og passord til Marsteinen sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemmer av abonnenten sin husstand og opphaldsadresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på anna vis misbruker Marsteinen sine tenester, har Marsteinen rett til straks å stenga abonnenten sin tilgang til desse og å stansa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling.

Rettigheter

Som abonnent av Marsteinen har du tilgang til tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Marsteinen.
Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkelt kopi av materialet til ditt eige bruk.
Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje tillate.

Informasjonskapslar

Her kan du lese om vår cookiepolicy.

Behandling av personopplysningar

Ved å akseptera desse brukarvilkåra, samtykkjer du i at me behandla personopplysingane dine i tråd med våre retningslinjer og vår personvernpolicy.

Kva informasjon samlar me inn?

Marsteinen lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-post-adresse, gateadresse og telefonnummer, samt opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg vert det lagra informasjon om bruken av tenestene, også kva tenester du bestiller, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om eininga di og internett-tilkoplinga.

Me kan velja å samanstilla trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer me for å tilpassa innhaldet til brukarmønsteret ditt og for å gje deg ei best mogeleg brukaroppleving.

Kva brukar me opplysingane dine til?

Marsteinen lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-post-adresse, gateadresse og telefonnummer, samt opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg vert det lagra informasjon om bruken av tenestene, også kva tenester du bestiller, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om eininga di og internett-tilkoplinga.
Me kan velja å samanstilla trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer me for å tilpassa innhaldet til brukarmønsteret ditt og for å gje deg ei best mogeleg brukaroppleving.

Deling av din informasjon

Marsteinen kan dela opplysingar om din bruk av tenestene med dei avisene me har eit gjensidig partnarskap med. Føremålet er tilsvarande det me har skildra i desse avtalevilkåra. Opplysingane kan utleverast til tredjepart i den grad det er naudsynt for at me skal kunna gjennomføra avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

Korleis kan du administrera eller sletta informasjon om deg sjølv?

Me lagrar ikkje personopplysingar lenger enn det som er naudsynt for å oppfylla føremålet med behandlinga. Du kan når som helst krevja innsyn i opplysingane og endra opplysingar på Miside. Du kan også krevja at dei vert sletta, med mindre opplysingane er naudsynte for å gjennomføra avtaleforholdet mellom deg og mediehuset der du er abonnent, eller dei er lovpålagde.
Ved å godkjenna desse vilkåra, samtykkjer du også til personværnerklæringa

Samtykke til marknadsføring

Når du er registrert som brukar hos Marsteinen, og når du brukar abonnementstenestene våre, ser me på deg som ein kunde med eit aktivt kundetilhøve. I eit aktivt kundetilhøve vil me kunna ringja deg, senda deg e-post, SMS og informasjon i appen vår og på nettsida vår, i tillegg til tilbod og annan relevant informasjon basert på opplysingar me har om deg som kunde. Informasjonen vil vera relevant i høve til produkta og tenestene våre, og berre vera på eigne vegner.

Marknadsføringa kan innehalde tilbod og informasjon om produkta våre, som til dømes abonnement, nyhendebrev eller tips om korleis ein kan få mest mogleg ut av kundetilhøvet.
Dersom du ikkje har eit aktivt kundetilhøve til Marsteinen, vil du berre motta elektronisk marknadsføring dersom du har gjeve særskilt samtykke til det.

Dersom du ikkje ynskjer å motta slik marknadsføring kan du reservera deg ved å klikka på linken for å melda deg av denne tenesta.
Dersom du har spørsmål til avtalen, er du velkomen til å kontakta oss: Telefon 55 08 21 00 og epost: abonnement@marsteinen.no

Endring av vilkår

Abonnementsvilkårene kan bli endra, og dei til enhver tid gjeldande vilkåra er oppdaterte her.
Storebø 23. august 2019